ordning och reda
Eg kan grunngi det med to ganske tungtvegande årsaker, vil eg seie. Min plutselege ryddemani. For det første, me er fem stykk som bur på 145 kvm., og me har eit soverom for lite. Planen er å sette opp ein lettvegg for å eit soverom til, og å omorganisere stovesituasjonen. Årsak nummer to er frykt og spenning for den nye kvardagen som startar om ein månad. To vaksne skal på jobb, to ungar skal på skulen, og ein unge skal begynne i barnehagen. Det er lov å bli litt svett, berre ved å tenke på det?! Så det er altså grunnen til at eg dei to siste dagane k u n har rydda. Kva eg gjorde klokka 22.21 i går (laurdag) kveld? Plasserte alle skoene eg eig utover stovegolvet, og sorterte ut dei parene eg skal behalde.
Eg slukte boka til Marie Kondo i eit jafs. Før eg opna boka, kjente eg på ein stor porsjon skepsis, og litt frykt for at ho skulle seie at eg må kaste alt eg har. Eg trur eg kan seie at begge følelsane blei bekrefta. Marie Kondo har kun tenkt på rydding sidan ho var fem år, og i det denne boka blei skriven, budde ho aleine i ein leilighet, som kun kan ha innehold eit minimum av kva ein treng for å overleve. Ikkje heilt overførbart til ein familie på fem. Ho ber oss og i boka om å kaste alt som ikkje gir oss glede når me held tingen i hendene. Altså: check, check!
MEN tanken min er ikkje å slakte Konmari-metoden. Eg ryddar jo som ein gal, så noko virkning må den ha ;) Boka får ein til å tenke over korleis ein organiserer ting i heimen, og kjem med veldig konkrete tips til korleis ein skal gå fram for å rydde etter denne metoden. Akkurat på det siste må eg innrømme at det gjekk gale i dag... Plutseleg var det bøker, kjøkkenutstyr og blader over alt, samtidig som eg hadde begynt å brette t-skjortene til K etter Konmari-metoden. Altså, motsatt av det boka rådar til. For å unngå kaos i alle rom, skal ein rydde etter kategori, og ikkje rom. Å starte ryddeprossenen i fleire rom samtidig er ikkje å anbefale, verken av meg eller Marie Kondo.
At me kjem til å bli lykkelege, og aldri kjem til å rydde meir i heile vårt liv, er eg ganske sikker på at ikkje stemmer. Men om det kan hjelpe oss på veg med å nå målet om ein velfungerande kvardag, utan unødvendig stress med å leite etter det eine og det andre, seier eg med fornøgd.
Operasjon ordning och reda held fram.

Kommentarer