om å gjere det beste ut av det du har
Eg kjenner på det å gjere det beste ut av det ein har. Ofte enklare sagt enn gjort. Me har hatt vår runde. Daglig sjekk av hus til salgs på Finn, eit par visningar og teikning av utbygg på huset me bur i. Det me enda med: ein vegg med furupanel! Og me er så fornøgde!
Me slepp å flytte frå det me set pris på med dette huset (som me først oppdaga etter å ha vurdert andre hus). Me slepp ein flytteprosess (som eg sa me aldri skulle gjere igjen sist me flytta), og me får bu på akkurat nok plass. Noko som er ein nytankegang for meg. Gjennomgangstema dei siste to åra har vore: me har for lite plass, me har alt for lite hus! No har me akkurat så stort hus som me treng. Men for at dette skal fungere, og me skal nå målet om ein velfungerande kvardag, er ryddeprosessen som har pågått den siste månaden nødvendig. Og det blir tydlegare og tydlegare for meg kor logisk dette er, og kor "blenda" me har vore av ting.
Me er ikkje i mål, men me har heller aldri vore nærmare. Det nye allrommet er ferdig, og me trivest så godt her. Lyst, utan for mange forstyrrande element, og ein furuvegg. Endeleg furu i hus ;) Den skapar så mykje meir liv, lunar og gir meir tyngde til rommet enn det enda ein gipsvegg ville gjort. Og bonus -ingen arbeid! Kun sette den opp, null sparkling og maling.
Litt sparkling og maling må det derimot bli på rommet på andre sida av veggen. Fem år set sine spor på gipsvegger. Men etter det er me klare til å flytte inn på det nye soverommet vårt.
<3
Kommentarer