inspirasjon+status på huset




























Foto: Anna Kern


Min fredagsinspirasjon er desse bileta frå fotograf Anna Kern. Syntes dei hadde eit herleg uttrykk med dei fine fargane og materialmiksen. Sjå for deg bileta uten den grøne vasen med blomar. Den gjer ganske mykje av seg! Eg likar så godt slike bukkar/bordbein, og ønsker meg eit arbeidsbord med slike i det nye huset. Lampen/girlanderen kunne eg og godt tenke meg, kanskje på rommet til litle frøken.

Tenkte og det var på tide med ein liten oppdatering når det gjeld husbygginga vår, men sparar dykk for slike lite inspirerande bilete i dag ;) Me har no grunnmur og garasje med tak/terrasse på plass. Heilt utruleg kjekt no når det har blitt noko håndfast! Me kan gå inn i vår eigen garasje ;) Litt uplanlagte hendingar høyrer vel med til husbygging, og sjå oss gjeld det oppgangen til huset. Me må gå rundt garasjen for å kome til inngangsdøra, og her er det veldig smalt og bratt(!!), så graving og ekstra muring må til. Må innrømme at eg ikkje heilt ser for meg korleis det skal bli....men det satsar eg på at dei som jobbar med det gjer :)

Vil ønske alle som kikkar innom fine helgedagar!


Kommentarer

Finfine inspirasjonsbilete og det får ein jo verkeleg til å lengte etter eige hus...Spennande å sjå at ting kjem på plass og at ein ser det tydlegare litt etter litt, sjølv om det gjerne er litt "uklart" akkurat no ;) Dei har vel peiling dei som "kan det"...

Ha ei strålande god helg!!

Klemmar til deg
Tusen takk for hyggelig hilsen!!
Jeg ville personlig valgt kritthvitt, men det kommer jo ann på hva veggfarger da. Mine vegger er malt med Chi, så mtt kjøkken er veldig hvitt. Ikke noe gult i fargen.. Men veldig smak og behag da:-)

Klem til deg
Hei!
Tusen, tusen takk for varmednehilsen hos meg!!! Utrolig kos at du tok deg tid til å skive noen ord! Du er ny for meg , så nå tar jeg meg en titt hos deg!
God lørdag!
Klem Ellen
thea.e sa…
For noen fantastiske bilder. Og så flott blogg. Jeg kommer tilbake:)
Detta syns eg va knallfint!