hus til salgs
Så slik bur altså me! Veldig uvant å vise slike oversiktsbilete, men tenkte dykk kunne få sjå, sidan eg likevel har tatt dei.
Til no har me berre gleda oss over husbygging, og det å få flytte inn i noko heilt nytt, men no då salgsprosessen så smått har byrja, blir det litt vemodig. Me flyttar frå ein unik eigedom... Å sjå ein majastetisk hegre stå i vannkanten og ein svanefamilie symje forbi medan me et middag, er heilt kvardagsleg.
Samstundes skal det jo bli godt med dei kvalitetane eit nytt hus har, og ikkje minst å flytte til ein stad der det er mange ungar i nabolaget. Joda, eg kjenner eg gler meg, sjølv om det blir vemodig å flytte herifrå.
Dersom du drøymer om eit sommarhus på vestlandet, får du ta kontakt, for snart kjem ei perle for salg ;)
God sundag!
Kommentarer
Lykke til med salg i alle fall - flotte bilder!
Og nyydelige bilder under her! En slik pult dvelte jeg litt for lenge med, angrer bittert;)
Søndagsklem
Ha en fin søndag!
men så blir det nok herlig med helt nytt óg : )
Fin søndagskveld til deg!
Klem Elisabeth
Håpar de har hatt ei finfin helg. Eg og O har vore på sørlandet og feira svigerinna mi sin 30årsdag. Veldig triveleg helg, har akkurat kome heim og sitt med beina på bordet og tar det meget lugnt!
Klemmar Cam
Flott eiendom, og veldig koselig hus! Ønsker dere lykke til med salget!!
Nydelege kort under her - du er flink!
God helg til deg:-)
Klem