innredningsplanar......
1. fleire bilete og kjelde, sjå her, 2. Oliver Furniture, 3. Ikea
Å setje saman bilete av ting ein likar er både kjekt og nyttig for ein planleggjar som meg ;) Då får ein til ein viss grad inntrykk av korleis møblane fungerer i lag. I kollasjen ovanfor ser dykk korleis eg tenkjer meg at tv-kroken skal vere. Heimen til Emma Persson Lagerberg inspirerar meg veldig, og som skjenk/tv-benk tenker eg å ha kvite skap som heng på veggen, slik som dykk ser på bilete (må berre finne ein lur løysning på desse ledningane ;). Sidan det er inne i denne kroken me har mest veggplass, må vitrineskapet og stå her. Dette frå Oliver Furniture er favoritten. Og to sjeselongar frå Ikea gjer tv-tittinga akkurat passe behageleg :) Utfordringa er å finne den luraste plasseringa av desse møblane.... Skulle ønske det var som før i tida, då ein kunne flytte på tv'en når ein følte for det ;)
I går var me på Ølen Møbel, for ein butikk! Her har dei det meste :) Me kikka mest på slagbenk og Tolix stolar då me var der. Men det var Gubi stolen, som eg prøvde berre for kjekt, som sat i minnet på heimvegen. Så no har altså ein alternativ plan blitt laga. Gubi stolar, kanskje kombinert med dei kvite pinnestolane me har, og bordet me allereie har (må berre pusse det ned igjen ;). Har ikkje kome på kva lampe som kan passe til dette, kanskje du har forslag?
Kvitt og lyst treverk blir nok dei dominerande fargane sjå oss. Sjølv om eg har blitt veldig glad i det mørke, og svarte møblar, får eg ikkje heilt til å velge det.... Vel, bortsett frå på badet, her kan du sjå planane mine for det klassiske baderommet i svart/kvitt.
Håpar dagen er fin
♥


Kommentarer
Kjekt å lesa å sjå dei flotte bildene på bloggen din :)
Me gleda ås te få dåke te naboar <3
knip Camilla
♥
..og jeg bare ELSKER
gubi stolen....så lovely!
både i hvit/tre og i sort.
klem fra meg