1 år! // om tid og nye stolar
I desse dagar er det eitt år sidan me flytta inn i det nye huset vårt! Rart å tenke på. Det kjennest ut som me flytta inn i går, samstundes som eg mest hadde gløymt at me flytta inn utan både dusj og kjøleskap *smile* Det er mykje som minnar oss på at tida går raskt, og at ting ikkje har blitt gjort, som me nok trudde skulle vore gjort etter eitt år.... Utanfor huset ser det ut akkurat som for eitt år sidan, nokre lister manglar (obligatorisk?!), og me har framleis ikkje lampe i den høge skråen i stova. Under etikettane "tomt" og "huset" kan du lese om byggeprosessen.
Etter å ha grubla og vurdert utallige møbler og lampar, tok me (les: eg) i påsken nokre bestemmelsar.
Ein av dei var drømmestolen min, Hans J. Wegners Wishbone chair, eller y-stolen som den ofte blir kalla. Leveringstida på desse var superrask, så stolane kom i hus mest før eg fekk tenkt meg om! Eg kikkar på dei heile tida for å forsikre meg om at det er sant, hihi *smile*. Planen er at dei ein gong skal få stå til eit kvitt bord, no forsvinn dei litt sidan både golv og bord er kvitolja/lakka eik. Stolane er såpevaska eik.
Ein passe god følelse når noko ein har hatt lyst på lenge kjem i hus! Og ein spanande tanke kva som kjem til å skje i huset i løpet av det kommande året...
Ønsker deg ei fin helg!
♥


Kommentarer
Trevlig helg!
Kjempefint : ) Og som du sier, med hvitt bord
blir det enda bedre.
..vi kommer nok og til å flytte inn uten
både det ene og det andre, er det ikke nesten alltid
sånn da?!
Fin helg til deg vennen <3
KLEM
God helg til deg og dine!
Klem fra Carina
Ble så fint atte:))
Ha en fin lørdag!!
Så fint du har det, og mye inspirasjon til meg som er i startfasen for å bygge drømmehuset .