hipp, hipp hurra!
Her kjem rett og slett ein reprise frå før 17. mai fjor! Eg tok desse bildene til NIB, men trur ikkje eg viste dei her på min eigen blogg (!?), så då går det vel greit ;) Har og fått spørsmål om oppskrifta, då det ikkje er mogeleg å sjå heile innlegget på NIB lenger. Du finn forresten borddekkingsinspirasjon på NIB just nu!
Eg syntes ofte det er greit med ein nøytral base når bord skal dekkast. Linduk er min favoritt, og med eit lyst/nøytralt servise står ein heilt fritt i forhold til serviettar og andre ting ein vil ha på bordet. Bjørkegreiner er 17. mai for meg, så dei pyntar opp bordet saman med ei dessertkake med bær i nasjonalfargane. Så enkelt kan det gjerast!
Dessertkaka er v e l d i g enkel, og var ein stor hit her sjå oss i fjor. Her får du oppskrifta:
1, 5 pk Safari kjeks
1 fløyte
1 Philadelphia (eg likar best Tine kremost)
200 gr melis
(litt vaniljesukker)
bær/frukt
knus kjeksen slik at den blir heilt smuldrete. dersom du ikkje vil ha den så smulete, kan du jo blande i litt smelta smør. legg dette som ein bunn i ei form
pisk fløyten
pisk saman Philadelphia, melis og ev. vaniljesukker, og bland dette saman med fløyten
brei over kjeksbunnen, og strø over dei bær/frukt du måtte ønske
Me vil gjerne ha like gode kaker som i fjor, men veret håpar eg viser seg frå ei betre side.
Vil ønske alle ein flott nasjonaldag i morgon!
Hipp, hipp hurra!!
♥





Kommentarer
Vil ønske deg en fantastisk nasjonaldag!!
STOR KLEM
anette
Takk for tipset og FIN 17.mai til deg!
Ønsker deg og dine ei fin feiring i morgen❤
Klem fra Lillian
fikk lyst på kaken din jeg nå :-)
nydelige blider !
ha en fin kveld.
godt ღ koselig og stemingsfullt.
Gratulerer med dagen på etterskudd
her :) men ønsker deg en fin, fin
pinsehelg :) Takk for oppskriften
også, den skal prøves ut en gang.
Klem fra Mette
Å så fine bilder! :)
Klem fra Anneli
Lysestaken heiter Gloria og er frå Muuto :)
The candle holder is from Muuto, and it is called Gloria :)