til København med barn -to tips





som den kakefamilien me er, blei det storstilt kakefest på Café Norden føremiddagen før me reiste heim. herleg å besøke denne populære kafeen før alle andre tenker at dei skal spise lunsj. god plass for ungane å boltre seg, og god avslappa stemning.





dersom du reiser til København med barn, vil eg anbefale Skydebanen på Vesterbro. ein passe stor lekepark med syklar og spennande lekestativ, is og kaffi ;)
-godt for ungane med god plass til leik, og godt for dei vaksne med ein pust i bakken

me har fortsatt mykje uoppdaga i København, så me skal definitivt tilbake!





Kommentarer

Margrethe sa…
Hei, så fin den gule genseren er! Hvor har du fått tak i oppskriften til den? Kunne ligne på Pickles-design, men finner den ikke på deres hjemmesider.
Hilsen Margrethe.
home by linn sa…
Hei, Margrethe!
Oppskrifta kan kjøpast her:
http://www.maddermade.com/patterns/camilla-kid
Den er på engelsk, men når ein har fått oversatt strikkebegrepene, er det ingen problem :)

Eg har strikka den i Duette frå Sandnesgarn.