blankt lerret









Følelsen av å ha eit tomt, kvitt lerret framfor seg, fekk eg endeleg kjenne på i dag etter time på time med rydding den siste veka. Leikerommet (les: roterommet) er historie, og me har fått oss ei ny stove. Eg skal ikkje påstå at resten av huset ser like strøkent ut for øyeblikket ;) men sakte med sikkert skal det bli orning och reda. Det blir nok to overfylte barnerom, og ting rundt omkring som ikkje har sin eigen plass fram til me får det nye soverommet, men det skal me klare. Kan jo berre gå inn i den nye stova og lukke døra ;)


Ønsker deg ein fin kveld!
Kjekt at så mange kikka innom på forrige innlegg *audmjuk <3

Kommentarer

Ingvild S L sa…
Nydelig! For et deilig rom!
Lena sa…
Som alltid inspirerande og behagelege bilder. Nydeleg! Er så glad for at du bloggar igjen, eg nyt interiørbilda dine!