de enkle ting



Eg går rundt med ein spesiell følelse om dagen. Litt sånn boblande glede blanda med gjensynsglede og selvfølgelighet. Kanskje litt som å ha funne seg sjølv igjen, utan eigentleg å ha mista seg sjølv.

Då eg kom over ei av dei første interiørbøkene mine, Cheap chic starta ei tankerekke tilbake til det første huset vårt, den spede starten på interiørinteressa, Jane Cumberbatch sine Pure style bøker som eg lånte på biblioteket om og om igjen, og diktet Velsignet være av Hans Børli.

Det starta som ei interiørinteresse med fokus på gjenbruk, og fortsatte med eit ønske om holdbarhet og ekte materialer, tre, lin, betong, kermaikk....

Eg likar at auga kan kvile på noko fint og behageleg. Når eg lagar meg ein kopp te om kvelden brukar eg den finaste koppen eg har. Er det vinter tar eg på eit par ullsokkar, og om sommaren står terrassedøra på vidt gap. Dette er ting som gjer meg glad.

Å rydde bort ting eg aldri bukar fordi dei ikkje er noko eg vil kvile auga på, eller som gjer meg glad, kjennest nå som den mest naturlege ting. Kvifor har eg ikkje gjort det før? Å stue saker og ting inn i skuffer og skap fordi "eg får sikker bruk for det ein dag", eller "den var så dyr, så den må eg behalde". Du gjer jo ikkje det, veit du. For dersom du ein dag faktisk kunne brukt tingen, står den så langt bak i eit skap at du ikkje kjem på at du har den.

Ting er ting, men fordi me projisjerer vår eigen historie over på tingen, er det vanskeleg å kvitte seg med den. Det er difor mykje lettare å kvitte seg med andre sine ting ;) Eg er glad i ta vare på ting som framkaller gode minner, og har ingen planer for øyeblikket å kvitte meg med dei, men det er godt å bli bevisstgjort på at det faktisk berre er ting. Det er jo minnen som gir den gode følelsen, ikkje sjølv tingen...

Ryddeprosessen min (sjå tidlegare innlegg) starta av to årsaker. For det første som eit behov for meir kontroll før ein ny og travel kvardag snart er over oss, og fordi me må gjere litt endringar i huset for å eit soverom til. Målet med prosessen er ein velfungerande kvardag.

Om målet blir nådd vil tida vise, men vegen mot målet ser ut til å bli meir interessant enn forventa. Mindre ting fører nødvendigvis ikkje til ein enklare livsstil, men gjerne eit ønske om det? Eg trur det for mange kan føre med seg eit nytt blikk. Eit blikk som løftar seg over den verda me lever i, og innover i deg sjølv og det livet du ønsker å leve.

...

det ekte
det nære
det som gir ro
og glede

...

<3




Kommentarer

Så flotte ord! Opprydning i hverdagen er alltid deilig, og eg skjønner godt at det kan føre til mer inspirasjon og glede <3 En kopp te om kvelden er det som gjør meg glad også!