tankar sidan sist



Me har så vidt fått ein liten smak av kvardagen. Viktigheten av påfyll i form av ein kopp kaffi og litt stillhet på ettermiddagen melder seg. Ikkje alltid praktisk mogeleg, men veldig verdsatt når det skjer.

Her kjem litt tilfeldig lesning og tips eg har kome over den siste veka:

- "Be a creator, not a victim, and own the choices you make each day. Changing your language can change your world view, which can change your life." - Sandy Kreps. Interessant om å eige valgene me tar, og språkets kraft her.

- Eg har fått ein verkeleg ahaopplevelse den siste tida. Frå å konstant tenke at me har for lite hus, og tenkt at me MÅ flytte eller bygge ut, til å nå tenke at me har det me treng. Ein ny vegg måtte til, men tilsvarer på langt nær den utgiftskostnaden det er å bygge ut, eller kjøpe eit hus på 220 kvm. Me hadde ein drøm om ein kjellar og ekstra rom til blant anna å oppbevare ting. Ting! Ja, det tenkte me. Nå kjenner eg på lettelse over å ikkje ha rom som eg kan fylle med ting, og ein ekstra etasje som og ville behøvd vasking og rydding. Her er ein liten sak om små hus frå USA.

- Sjølv om eg ønsker å omgi meg med færre ting, betyr ikkje det at eg ikkje likar ting. Eg blir oppriktig glad av ein fin kopp, og shoppestopp er ikkje til vurdering ein gong. Men det handlar om å vere bevisst. Handle kvalitet framfor kvantitet. Og eg veit ikkje om det er ein naturleg samanheng, men for meg kjem tanken om bærekraftige materialer og etikk som ein følge av det. Etter at eg spurte om tips til etiske og bærekraftige merker på Instagram, har eg oppdaga at det faktisk finst ganske mykje interessant. Blant anna norske Le Backhand som produserar undertøy i ull/silke, og Boynoo som er ein norsk produsent av duftlys laga av rein, økologisk kokosvoks.


Ønsker deg ein fin sundag <3




Kommentarer