fin i restegarn-pannebånd
Følelsen av å lage noko nyttig ut av eit halvbrukt, trist garnnøste er heilt fantastisk! Du burde prøve! For eksempel på dette pannebåndet.
Eg har strikka det i patentstrikk av to grunnar; eg syntes patentstrikk er veldig avslappande, nesten meditativt å strikke (og avhengighetsskapande!), og eg likar ikkje å strikke vrange masker.
Patentstrikk blir ganske vidt, i motsetning til ribb som trekk seg noko saman. Du treng difor ikkje så mange masker, men samtidig veks det litt seinare enn vanleg glattstrikk/ribb. Det skuldast at du på ein måte strikkar dobbelt. Luftig og tjukt på ein gong.
Det finst ulike måtar å strikke denne teknikken på, men eg likar best den som på engelsk kallast brioche stitch. Kort fortalt, du vekslar mellom å lage kast og ta ei maske laust av som om den skal strikkast vrang, og å strikke desse to saman igjen på neste omgang. Du kan foreksempel sjå på denne forklaringa, og søke opp videoar på You tube. Eg syntes ikkje det kjem fram på videoar kor enkelt ein gjer det når ein lagar kast og løfter maske av. Eg gjer dette i ein bevegelse, tar tråden med meg, og løfter av maska vrangt. Du forstår etter å ha sett nokon gjere det på video/bilde ;)

1. Legg opp masker, la antalet vere partal. Her vil det variere avhengig av tjukkelse på garnet. Eg la opp 24 masker med Abuelita 4-tråds merino frå Pickles, og 22 masker med Muti frå Rauma. Begge på p 3,5.

1. Legg opp masker, la antalet vere partal. Her vil det variere avhengig av tjukkelse på garnet. Eg la opp 24 masker med Abuelita 4-tråds merino frå Pickles, og 22 masker med Muti frå Rauma. Begge på p 3,5.
2. Strikk første omgang etter anvisning i linken over.
3. Strikk til ønska lengde. Du kan måle på halve hovudet ditt, men hugs på at eit pannebånd må vere litt "for lite" for at det skal henge på hovudet. Eg strikka ca. 21 cm.
4. Nå kjem det som er like kjekt som det er knotete ;) Dersom du har strikka fletter før, er det noko liknande det du skal gjere no. Ta første halvdel av maskene på ein hjelpepinne framfor arbeidet. Strikk dei resterande maskene. Strikk så maskene du har på hjelpepinnen. Det blir litt stramt, og det kan virke heilt feil, men det er det ikkje ;) Du ser resultatet etter ei stund.
5. Strikk vidare like langt som du strikka før du "vridde".
6. Fell av, og sy saman.
- Ta det på med ein gong, og fryd deg over å ha laga ei fint og varmande plagg av 30-40 g restegarn!
<3
(Skriv gjerne ein kommentar her på bloggen dersom du lurar på noko. Det er stor kjangs for at andre lurar på det same, og då får alle sett svaret :)




Kommentarer
Miriam R: eg klippar ikkje, drar berre tråden med meg. Den vil ikkje vise når du har strikka eit stykke forbi der du "vrir".