om å lande
på flyreiser blir me fortalt at me skal ta oksygenmaske på oss sjølv før me hjelper andre. i ein stressande kvardag finst det ikkje ein slik regel, med kanskje det burde? er du den beste utgåven av deg sjølv når du flagrar rundt med tusen tankar i hovudet, x-antall ungar under armen og ei to-do liste av ukjent lengde i baklomma? me er alle forskjellige, men eg veit for min eigen del at det ikkje er mine beste sider som kjem fram då. livet skjer, ting skjer, ulike fasar i livet krev ulike ting av oss, og slik må det vere, syntes eg. men det kan vere fint å ha eit par «triks» å ty til innimellom, lande seg sjølv, slik at ein står litt sterkare i «stormen».
eg har laga ei liste over små grep som kan gi balanse og jording enten du er i ein travel fase av livet, eller berre treng å lande deg sjølv, stoppe opp og kjenne at nå er nå. eg er her nå. du kan sjå på den som ei liste med tips, ei liste med ting du veit, men som det var fint å bli minna på, eller om du er av typen som likar ei utfordring, kan du gjere ein ting kvar dag i ei veke. som ein challenge ;)
• set vekkerklokka på 15 min før du pleier å stå opp. list deg inn på kjøkkenet så du ikkje vekker nokon andre. lag deg litt kaffi eller te og tenn eit lys. resten er valgfritt. kjenn på stillheten, kjenn på denne nye dagen som er i ferd med å starte. kanskje du vil lese litt, be, berre vere stille.
• skriv ned tre ting du er takknemlig for.
• rydd i ei skuff. tøm skuffa, så vurderer du kva som skal få kome tilbake. er det noko du fortsatt brukar, har det ein funksjon, verdi, bruksområde? då kan det få kome tilbake i skuffa. dette kan du gjere i ei kjøkkenskuff, baderomsskuff eller klesskuff/hylle. eg kan ikkje garantere at du greier å stoppe etter berre ei ;)
• gå ein tur. gjerne i skog eller ved hav om du har det i nærleiken. bruk sansane.
lytt -er det ein fugl som syng til deg?
lukt - er det frisk, skarp vinterluft, eller kanskje ein antydning av vår?
kjenn - ta ein liten pinne eller strå i handa medan du går, eller stryk handa over ein ru trestamme. kjenn regndråpane på nasen.
sjå - legg merke til det som er rundt deg, og stopp litt opp dersom du ser noko som er fint å kvile augene på.
• pust. skikkeleg. set av fem til ti minutt til å puste ordentleg. det finst videoar på you tube, eller du kan bruke den enkle - pust inn på fire, hold to, pust ut på fire, hold to, gjenta.
• ta eit bad eller ein lang dusj. tenn eit lys, bruk badesalt og eterisk olje i vatnet. eventuelt ein dæsj Lano. poenget er at du set av den tida til deg sjølv, ikkje alt stæsjet rundt.
• ha ein kveld utan TV og mobil. les i ei bok, lytt til musikk, strikk/sy/klipp og lim, lytt til stillheten. kjenn at tida går litt saktere, og at du er til stades heile kvelden. nå skal ikkje eg fortelje deg kva tid du skal leggje deg, men kanskje denne kvelden ikkje går like raskt som når du ser på TV og scrollar nedover feeden på Instagram. kanskje det å vere i seng til klokka 22 ikkje blir heilt urimeleg denne kvelden. du vil merke det dagen etter, eg lovar.
dersom du gjer nokre av tipsa, og har lyst til å dele, tagg meg gjerne og bruk #egerhernå. bortsett frå det siste punktet, da. då er mobilen ikkje innen rekkevidde, så det kan ikkje dokumenterast ;)
håpar noko av dette kan inspirere til pust og pausar i kvardagen som kjem deg og dei rundt deg til gode.
<3

Kommentarer