knute på deigen
I helga prøvde eg meg på ein ny vri på bollane. Eg brukte min vanlege bolledeig, og Leila sitt fyll og form :) frå den vakre, vakre boka "a piece of cake".
Fyllet er laga av:
200 gr mjukt smør
1 dl sukker
1 ss kanel
Tenkte eigentleg at bileta skulle få tale for seg når det gjeld å forme bollane, men nokre stikkord er:
rektangel
langside mot langside
dele remser slik at dei liknar bukser
knyte endane
Slettens ikkje vanskeleg, og veldig kjekt med litt fancy bollar! Og på grunn av fyllet, held dei seg saftige og gode i eit par dagar.
Her har me ordentleg haustvêr i dag, perfekt for innekos :)
Håpar dagen din blir god!
♥
Kommentarer
Klem J.
Takk for at du delte.
Finfin onsdag til deg
klem Jane.
Klem Cam
Regner med det blir kanelboller på oss i helga ;)
Klem
thanks for sharing Barbara from Switzerland
Kom plutselig over bloggen din, og her komme jeg gjerne tilbake. Masse fine bilder.
Fikk så lyst å lage kanelsnurrer no, perfekt på en lat søndag.
Ta gjerne turen innom meg, Jeanette
Hilsen Trine